søndag 25. november 2012

Det meste er søppel

Å gje entreprenørar og private utbyggjarar frie hender har svært uheldige konsekvensar for arkitekturen, meiner Ulf Grønvold ved Nasjonalmuseet i Oslo.
 
- Det er eit stort sprik mellom Noregs ustyrtelege rikdom, og den faktiske kvaliteten på det som vert bygd. Det er veldig sørgjeleg, seier Ulf Grønvold, seniorkurator ved Nasjonalmuseet, til Klassekampen.
Han ser med uro på dei grunnføresetnadene som i dag styrer norsk bygningsaktivitet. Med det private næringslivet i førarsetet, køyrer me i retning av dårlegare kvalitet på bustadene, større sosiale skilnader og stadig dårlegare planlegging, meiner han.

- Det meste som vert produsert av bygningar i Noreg er søppel, fullstendig uinteressant.
Arbeidarpartiet har svikta. Mykje av ansvaret for dagens situasjon plasserer Grønvold i fanget til passive politikarar.

- Arbeidarpartiet og venstresida har svikta i norsk bustadpolitikk. Willoch-regjeringa avskaffa den sosiale bustadbygginga på byrjinga av 1980-talet, og Arbeiderpartiet innførte den aldri igjen, seier han. Ullevål hageby og Lille Tøyen i Oslo er døme på gode bustadprosjekt, gjennomført av ein aktiv kommune, meiner Grønvold. Han understrekar at dette ikkje er eit spørsmål om stil, men om grunnleggjande føresetnader for kva som vert skapt.

- Dette er eit politisk spørsmål, som ligg på regjeringsplan. Det må vera ei offentleg vilje. No har styresmaktene sloppe næringslivet laus og sagt at ein ikkje treng sosial bustadbygging lenger - folk er så rike at dette skal gå av seg sjølv. Men som far til to søner i etableringsalderen, ser eg kor tungt det er å koma inn i marknaden.

Grønvold viser til korleis Husbankens rolle som kvalitetskontrollør i bustadbygginga har smuldra opp. Ein av konsekvensane er at samstundes som ei lita gruppe i dag har moglegheit til å bygga imponerande einebustader av høg arkitektonisk kvalitet, vert store delar av befolkninga forvist til ein marknad der prisane går opp og kvaliteten ned.

- Det er eit stort sprik, som me ikkje har hatt tidlegare. Og det offentlege bryr seg ikkje, seier han.
Urimelege signalbygg

Også utafor den private bustadmarknaden ser Grønvold konsekvensane av statens tilbaketrekte bygningspolitikk. Medan det før var offentlege bygg som kyrkjer og museum som stakk seg ut i byveven, ynskjer private utbyggjarar no at kvart bygg skal stikka seg ut, meiner han. Barcode-rekkja i Oslo vert trekt fram som døme.

- Der nede er jo kvart einaste kontorbygg ei feiring av noko eksepsjonelt. Det er heilt urimeleg. Den grunnføresetnaden trur eg er utbyggjarstyrt.
Med Noreg inne i ein økonomisk gullalder, ser Grønvold det som spesielt viktig å vera merksame på kva arkitektoniske fotefar me etterlet oss.

- Det er no me må få det til. Korleis situasjonen er om nokre tiår, veit me ikkje, men det er lite sannsynleg at den skal vera like god som i dag. Eg syns me burde fått til mykje meir.

Intervju i Klassekampen 22. november 2012.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar